FRÅ LANDEVEGEN/ Gjertrud Jynge

Dale Kyrkje 14. september

- Personleg forteljarteater om eit mørkt kapittel av noregshistoria.

 

På folkemuseet på Bygdøy står den gamle prestegarden frå Leikanger i Sogn. Skodespelar Gjertrud Jynge har mange minne knytte til denne vakre bygningen. Her vaks oldemor hennar Louise opp, og her fekk far til Louise, soknepresten Jakob Walnum (1851-1925), sitt kall frå Gud: Han skulle bygge opp ein misjon for å verke blant taterane, han skulle få slutt på omstreifarvesenet. Taterane skulle bli som andre «gode» nordmenn; dei skulle bli kristne og bufaste.

 

Walnum var den første generalsekretæren i «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet», seinare kjent som «Norsk misjon blant hjemløse», som med støtte frå storting, regjering og kongehus vart ein motor i fornorskinga av taterane gjennom nærare hundre år. Ein privat, kristen og statsstøtta organisasjon fekk drive ein til dels brutal reformpolitikk nokså uhindra frå slutten av 1890-åra og heilt fram til 1989. Dei vaksne vart sette til tvangsarbeid i eigne leirar, borna vart sende på barneheimar, ofte tekne frå foreldra med makt.

 

Skodespelar Gjertrud Jynge har samla på gamle fotografi etter oldemor Louise, og ho har lært seg nokre av taterane sine songar. Slik fortel ho om tippoldefar sin og tatermisjonen, om familiestoltheit og om skamma. Framsyninga er ei reise mellom ulike skjebnar, historier og dokument, og får fram den flytande overgangen mellom gode intensjonar og framveksten av ein skremmande raseideologi som fekk prege offisiell politikk. Eit mørkt kapittel i hennar og vår nære historie.

 

 

«Gjertrud Jynges engasjerte historietime skaper spørsmål som dirrer lenge etter at forestillingen er over»

Vårt Land

 

 

«Vondt og aktuelt»

Dagsavisen

 

 

«Viktig personlig dokument»

Aftenposten

 

 

Av og med: Gertud Jynge. Musikar : Espen Leite. Dramaturg: Ola E. Bø. Produsert av Det Norske Teatret.