LAURDAG 14. 09. KL. 

FESTIVALLAURDAG

SAMVIRKE SCENE

GRATIS INNGONG

-Festivallaurdagen for alle !


Tema på årets teaterfestival er «motmakt/avmakt», og tradisjonen tru er festivlalaurdagen eit lokalt «motsvar» til tematikken. I år vil dagen handle om korleis ein kan gjere ein forskjell i verda, både som enkeltmenneske og gjennom organisering og engasjement. I Fjaler har vi hatt over 300 ulike lag og organisasjonar, og mange av dei vitjer oss denne dagen. Heile dagen vert det framsyningar, debattar, leiker, stands, og sjølvsagt servering av mykje god mat. På programmet står mellom anna:


Kl 10.30:
Samtale om lagshistoria i Fjaler på lokalet / Gamle kommuneshuset.
Dagen begynner med ein samtale om lagshistoria i Fjaler leia av historikar og forfattar Gaute Losnegård og arkivar ved Fylkesarivet, Per Olav Bøyum.


Frå kl 11.00 - 15.00:

Aktivitetsløype for born i samarbeid med lokale lag. Aktivitetar med idrettslaget, riding med Dalsfjorden og Ytre Sogn Fjordhestlag, og mykje meir!


Kl 12.00:
Tale for dagen v/ Gunhild Berge Stang og lagoppstilling til kamp.
Presentasjon av det nye kommunestyret, trappa på Gamle kommunehuset.


Kl 12.30:
Vennskapskamp med det nye kommunestyret.
Vi inviterer blokkene i det nye kommunestyret til å prøve kreftene på fotballbana. Rådmannen Bente Nesse er dommar og Normann Vik er politisk kommentator. På bana.


kl. 13.00:
Samfunnskritisk kunst under press ?
TeaterTanken Vest/ Pia Maria Roll/ Sara Baban/Hanan Benammar/Nina Ossavy/Terje Ranes snakkar om debattane som har vore rundt "Ways of seeing" og "Døden kommer ikke med ljå". På Løa.



Kl.14.00:
Det store skoleeksperimentet,
Simon Malkenes om "Malkenessaka" og livet bak fasaden i osloskulen. I gamle kommunehuset.



Ellers kjem museet i Homedal og presenterer fagorforeningshistoria i gamle Fjaler, det vert klimastreik og apell v/ Sigrid Moltumyr fra MGD Fjaler, vi får musikk gjennom dagen frå m.a. Dale Musikkkorps, Dalsfjorden spelemannslag, Cantus og Dekor. Det vert internasjonalt matbord, og matservering frå m.a. bygdekvinnelaget, Leonards forlåvelse, Fjord Gardmat m. fl. Barnefrasyninga "Askeladden som kappått med trollet" blir spelt kl. 13.00 og 15.00, medan drop in-teatret "Inn i det ukjente" visast heile dagen.


Programmet vert oppdatert med meir detaljert informasjon.