FARFARS BOMBEKRATER/ Adele Lærum Duus

FREDAG 13. 09.

DINGEMOEN SKULE

- Draamtisk og morosam forteljing om kvardagslivet under andre verdskrig !



"Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gangen du nesten vart arrestert!»


I denne spennande teaterframsyninga får ein oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos og blodpudding til middag, gå rundt i sko laga av fiskeskinn og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm?

Dramatisk vart det på vesle Voss då bygda vart bomba i aprildagane i 1940. Doktorhuset vart treft av ei av bombene, og denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Det er forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus som aleine spelar ut historiene som hennar farfar fortalte henne då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebytte, bilete og musikk.


Av og med: Adele Lærum Duus. Framsyninga vert presentert av Den Kulturelle Skulesekken, for elevar på barneskular i Fjaler.