FESTIVALLAURDAG/ EIT OPE SAMFUNN

LAURDAG 15.09. KL. 11.00. - 15.00

VEVANG/ TUSENÅRSSTADEN

Gratis, passar for alle.

- Festivallaurdag med aktivitetar for store og små !

 

Tradisjonen tru nyttar vi festivallaurdagen til å invitere små og store til ein dag med mykje kjekt på programmet. Innhaldet på festivallaurdagen er som alltid tematisk knytt til festivalprogrammet. I år er tema for festivalen «Utanforskap», og vi har difor valt å ha Fjaler Kommune sitt eige motto som overskrift for dagen: «Eit ope samfunn!».

 

Familiedagen vert arrangert i området i og rundt Vevang Produksjon og Tusenårstaden. Vi har fleire scener og nyttar heile området til aktivitetar, filmvisning, marknad og stands.

 

Kl. 11.00- Program frå scena / bakgården til Vevang :

-Stopp! Ikkje Mobb! Song av elevar frå alle barneskulane i Fjaler.

-Konsert med Go Bananas!

- Apell ved Marte Wexelsen Goksøyr

 

frå kl. 11.45- Fjaler fortel !/ Verkstadshallen på Vevang Produksjon

No har du sjansen til å bli betre kjend med nye og gamle sambygdingar ! «Fjaler fortel» er eit forteljarprosjekt der publikum ein - til- ein får møte og høyre personlege historiar frå mennesker med ulik bakgrunn. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid voksenopplæringa i Fjaler, og er leia av med Thomas Storm og Camilla Jensen frå kompaniet Fortellerkraft.

 

frå kl. 11.45 - Aktivitetar for born !

Maskeverkstad v/ Vilde Jensen Hjetland, og leikeaktivitet.

 

frå kl. 12.15 -filmvisning i Løa

visning av filmen “Bare Marte”

Signering av bøker.

 

frå kl 13.00 -13.45 Samtalar om Utanforskap / Løa

Demian Vitanza med Terje Strømdal, Leif Jarle Espedal og fleire

 

kl. 14.00 - Teater Prospero & De Fjaleristiske / Fjaler Ungdomskule

Sirkus du aldri har sett maken til! Teater Prospero har i løpet av ei veke laga ei

sirkusframsyning der arbeidarar frå Vevang Produksjon har hovudrollane. Kom og sjå !

 

Heile dagen vert det sal av god mat og drikke frå mellom Siri`s Soulfood,

bygdekvinnelaget, Leonard forlåvelse og co, Sognefjord Kaffibrenneri, Monrudes Thai Take Away , og Internasjonal Kafe.