14. SEPTEMBER 21:00 Kaia Pub. Gratis inngang!

DRUMDRUM / (DK)

- Rytmisk energi frå Danmark !

 

DRUMDRUM! er ei musikkgruppe som kjem frå Danmark for å gi publikum ei oppleving der eksplosive rytmar og improvisasjon står i fokus. Den karismatiske trommeslagaren Benita Haastrup er kvinna bak DRUMDRUM! Ho har med seg to toppmusikarar frå Danmark: Den virtuose vibrafonisten Kaare Munkholm, og den garva bassisten Jens Skou Olsen. Musikarane har alle tre spelt tallause konsertar rundt om i heile verda, og dei er inspirert av nokre av dei største namna i jazzhistoria. På konserten vil publikum få høyre tonar inspirert av både Duke Ellington i tillegg til brasiliansk og afrikansk musikk, danske folkesongar og ikkje minst nokre av Benita sine eigne melodiøse komposisjonar. DRUMDRUM! er del av programmet på årets Teaterdag som vi arrangerar i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken.

 

Medverkande

Benita Haastrup – trommer, perkusjon og vokal

Kaare Munkholm – vibrafon, perkusjon

Jens Skou Olsen – kontrabass, perkusjond

 

 

Copyright @ All rights reserved