FREDAG 13.09. KL. 19.00

LAURDAG 14.09. KL. 16.00

DET SISTE EPOS/ TURTEATERN (SV)

UNGDOMSHUSET TRUDVANG

-Antiheltenes epos i maksimalistisk innpakning !


Vi er stolte av å presentere denne urpremiera i Fjaler, i samproduksjon med Turteatern i Stockholm og nokre av dei mest spennande, unge scenekunstnarane i Norden !


”Det siste epos” er eit teaterprosjekt som freistar å beskrive heile verda i ein framsyning. På samme måte som i episke storverk som ”Odysseen”, utgjør framsyninga eit heilt nytt univers der nye tradisjonar og lovar herskar. Dette er antiheltenes epos, der vi mellom anna møter Lilith - ei ulekker jente, ein mann som vert allergisk mot samfunnet, Simone Weil, ein dystopisk prins og seks imaginære astronautar på den røde planeten. I dette universet viklast både eksistensielle og politiske spørsmål ut på fleire paralelle nivå.


Prosjektet er ein idé av dramatiker Runa Borch Skolseg, regissøren Marie Nikazm Bakken og kostymedesignaren Fredrik Floen. Alle tre er sjølvutnevnde maksimalistar som har slått seg saman for å ta hybris til nye og bortgløymde høgder. ”Det sista eposet” har urpremiere på Teaterfestivalen i Fjaler og skal deretter spelast på Turteatern i Stockholm og Black Box Teater i Oslo høsten 2019.


NB ! Framsyninga har ein varigheit på 3-5 timer, og er ikkje egna for born.


Idé/koncept: Runa Borch Skolseg/Marie Nikazm Bakken/Fredrik Floen, regi: Marie Nikazm Bakken, dramatiker: Runa Borch Skolseg, scenografi/kostym/mask: Fredrik Floen, kostyme -og scenografiassistent: Clara Nergård, lysdesign: Anne-Marie Fritiofsson, lyddesign/komposisjon: Patsy Lasso, snekker: Robert Wiberg, oversetter: Ida Linde, medverkande: Isabel Reboia, Joel Ödmann, Kim Theodoridou Bergquist, Martha Rasmussen Lubiana, Teemu Kippola (praktikant, Scenkonstprogrammet, Yrkeshögskolan Novia, Jakobstad), Sigrid Lerche (musiker). Produsent, forprosjekt: Mirjam Gelhorn, produsent: Siri Nyke, teknisk samordner: Jenni Godoy, tekniker: Jenni Godoy, Anna Jondelius, kommunikasjon / PR: Sam Johansdotter Produsert av Turteatern. Støtta av: Norsk Kulturråd, Dramatikkens Hus, Svenska Kulturrådet, Stockholms stads kulturförvaltning, Kulturförvaltningen Region Stockholm, Sveriges författarfond.