DÅ FOLDAL HELDT FEST I FJALER!/ DET FOLDALSKE TEATR

ONSDAG 12. 09. KL. 20.55

TORSDAG 13. 09. KL. 20.52

SØNDAG 16. 09. KL. 20.42

SIRKUSPLASSEN PÅ ØYRA

- Eit uhøyrt verk i fleire akter!

 

Det Foldalske Teatr med venner kjem til Fjaler med eit spektakulært show, som

publikum kan oppleve på sirkusplassen på Øyra. Framsyninga spelast i tussmørket, og tidane føl Fjaler si eigen tussmørkekalender. Her blir det mellom anna:

 

#Tidstunnell!

#Special Guest, Ghost and God Stars fra Fjaler og omegn!!

#Hypnose! Freakshow!!

#Anatomisk teater!!

# Dårekiste med ekte Foldalsk dåre!!

# Legendariske urframføringar! Vilhelm Foldal tonesett Very Special Ghost Star Jacob Sande!!

# overraskingar!!!

 

Som ein del av den Foldalske fest er er HEKSEHJELPEN open kvar dag.

 

Anna Ingelin Krogh er offentlig godkjent sjukepleiar og heks. Under beskyttelse av heksemiddelverket reiser ho og Absalon som tater og splint gjennom tid og rom med sin Heksebod. Her tilbys lindring, helbredelse og sjelebot. Uansett kven du er og kva du ønsker hjelp med eller veiledning til; har vi ein kur for alt. Og det kostar kun ein sjelebit.

 

Vilhelm Foldal er ein karakter i Henrik Ibsens skodespel «John Gabriel Borkman». I moderne oppsetningar er karakteren som regel strøket ut av manus. Scenekunstnar Harald Kolaas har gjennom fleire framsyningar og stunts i Det Foldalske Teatr forsøkt å gi denne forsmådde karakteren ei oppreising.

 

Av og med Vilhelm Foldal og Det Foldalske Teatr. STARS: Robert Emil Berge,

Ram Hari Dhakal, Aksel Høgenhaug, Harald Kolaas, Ingelin Charlotte Krogh, Martin Aaserud og Special Guests og Very Special Ghost and God STARS! Støtta av Norsk Kulturråd.