DE UMULIGES KUNST/ DOKUMENTARFILM

FREDAG 13. 09. KL 24.00

SØNDAG 15.09. KL. 10.00

KOMMUNESTYRESALEN I FJALER

GRATIS INNGONG

- Om teaterskaparen Eugenio Barba, og korleis kunsten kan forandre ein stad.


Teatret er ei handling; du kan gjere noko, du kan bruke dine krefter, du kan skape saman med andre menneske – i staden for å bli eit pessimistisk individ.


Italieneren Eugenio Barba er kjend som ein av det 20. århundres store teaterfornyarar, ein som har forandra kvar, korleis og kva tid ein kan spille teater. Han kom til Noreg som arbeidsinnvandrar på 50-tallet, og i 1964 startet han opp et teaterkompani i eit bomberom i Oslo - Odin Teatret. Dette var eit type teater ein ikkje hadde sett før i Noreg, og ingen av dei etablerte scenene her ville gi Barba jobb. Difor reiste han til Danmark, og slo seg ned i Holstebro, som var kjend for å være Danmarks kjedeligaste by. I dag er Holstebro synonymt med “kulturbyen”, og Odin Teatret er eit av verdas eldste og mest berømte gruppeteater, med heile verda som speleplass. 


I dag reknast Barba som ein av det moderne teatrets store fornyarar, og ein av hans metodar for å halde gruppa i gong, er å fremprovosere «jordskjelv» som endrar relasjonene i teatergruppa fullstendig.


DET UMULIGES KUNST er ein dokumentar av Elsa Kvamme, som har vore skodespelar i Odin Teatret. Filmen fortel Barba si heilt spesielle historie, og viser kva som driv han og korleis han har klart å holde den lille teatergruppa levande i over 50 år.



Regi: Elsa Kvamme, Medverkande: Eugenio Barba, Torgeir Wethal, Iben Nagel Rasmussen, Roberta Carreri, Tage Larsen, Jerzy Grotowski, Anja Breien, Marianne Bjørneboe, m.fl. Musikk: Henning Sommero, Foto: Nils Petter Lotherington / Tore VollanProdusert av: Alert Film v/ Elsa Kvamme