DA NEW AGE KOM TIL BYGDA/ SIMONE THIIS

LAURDAG 14.09. KL. 15.00

SØNDAG 15.09. KL. 12.00

LJOSHEIM 

- Dokumentarisk framsyning om alternativrørsla i Noreg . 


«Da New Age kom til bygda» handlar om framveksten av alternativrørsla i Noreg på 70- og 80-talet. På scena står skodespelar Simone Thiis. Som dotter av Harald Thiis, grunnleggar av New Age i Noreg, hadde ho ein oppvekst langt utanom det vanlege. 10 år gamal flytta  ho inn i ein kursgard for alternativbevegelsen på Gausdal, der ho deltok på latterkurs og lærte å gå på glødande kull. 


Dette er ei dokumentarisk framsyning, basert på Simone Thiis si eiga historie. Framsyninga tek opp spørsmål kring fridom og grenser, kollektivisme og individualisering, og den viser motsetninga i alternativbevegelsens framvekst, midt i jappetida på 80 talet. Framsyninga har premiere på Teaterfestivalen i Fjaler. 


Av og med: Simone Thiis, Regi og manusveiledning: Anne-Sophie Erichsen, Scenografi: François-Xavier Pons, Lysdesign: Yasin Gyltepe. Forestillinga er støtta av Fritt Ord, Vestfold Fylkeskommune, Tønsberg kommune og Grenland Friteater