ARNE NÆSS-GJENOPPSTANDELSEN / Ludvig Uhlbors

15. SEPTEMBER 14:30 i Klokkargarden

16. SEPTEMBER 03:00 i Klokkargarden

16. SEPTEMBER 15:00 i Klokkargarden

17. SEPTEMBER 12:00 i Klokkargarden

- Velkommen til Økosofi D - ein djupøkologisk hyttetur !

 

Den norsk filosofen Arne Næss, mannen bak djupøkologien, er ein nøkkelfigur i den pågåande diskusjonen om det antroposcene: «For å løyse økokrisen treng vi ei endring i korleis vi forstår oss sjølv og forholdet vi har til naturen og livet. Ein djupare argumentasjon basert på dei djupaste verdiar er nødvendig»

Det kunstnariske teamet bak framsyninga reiste til filosofen si hytte «Tvergastein», for å gjere seg kjend med korleis djupneøkologi vert praktisert der. I trå med Arne sin eigen skule, Økosofi T, som han utvikla på «Tvergastein», skal dette tverrfagleg teamet no skape ein Økosofi F i Klokkargarden.

«Arne Næss – Gjenoppstandelsen» kombinerer teater, lyd, installasjon, biletkunst og arkitektur i eit verk som du kan besøkje døgnet rundt. Med utgangspunkt i Jakob Sande-tunet utforskar vi mogelegheita til å bygge ein lokal djupøkologisk kultur.

Du kan slå deg ned i salongen vår, med ein drink som er smaksatt av bær og andre vekstar i frå hagen i Klokkargarden. Her kan du lese om djupneøkologi, lytte til lyden av natur og møte andre i samtale. Utanfor huset fins det mogelegheit til å slå seg ned i treet vårt i hagen. På kjøkkenet serverer søstrene og brødrane våre ulike smaksopplevingar frå bygda. Dei fortel gjerne om det fellesskapet som vi har bygd saman her på Klokkargarden. Medan du ruslar rundt i huset kan du også ta del i installasjonane våre, til dømes den om overnattinga vi arrangerte på Engebøfjellet, der vi lytta til fjellet sine historier før dei snart forsvinn.

Ved fire tilfelle speler vi ei framsyning under festivalen. Då skal vi teste nokon av dei grensene som skil oss frå dyra, vekstane og minerala i jorda. Arne meinte av vi måtte revurdere perspektivet vårt. Når vi gjer det kan vi oppfatte omgjevnadane som eit mangfald av liv med eigne rettar. Då oppstår Djup glede. I den ånda inviterer vi dei døde til samtale og kallar fram Arna. Til dette må du bestille billettar på førehand.

 

”Naturen har egenverdi, uavhengig av den nytteverdi den måtte ha for menneskene. Naturens mangfold har egen verdi.”

 

– Arne Næss.

 

 

Regi: Ludvig Uhlbors, Skodespelarar: Arturo Tovar og Kjersti Aas Stenby, Scenografi: Kristine Gjems, Film: Kjersti Vetterstad og Kristin Astrup Aas, Lyd: Alexander Rishaug, Performancekunstnarar: Hanna Sjöstrand og Ann Cecilie Lie. Produsert med støtte frå Kulturrådet og Dramatikkens Hus. Takk til Stiftelsen Tvergastein og Geir Grønflaten.

 

 

Copyright @ All rights reserved