september

Ute 12. og 15. september

UNGT OVERMOT/ Jonas Pedersen Øren

- Dokumentarisk danseframsyning om psykisk sjukdom.

 

Den dokumentariske danseframsyninga «Ungt Overmot» baserer seg på koreograf og dansar Jonas Pedersen Øren si eiga sjukdomserfaring, frå då han i 2009 vart innlagd på lukka psykiatrisk avdeling på Ullevål Sjukehus grunna manisk psykose.

 

Framsyninga går føre seg i ein installasjon inspirert av eit terapirom. Under open nattehimmel møter publikum ein abstrakt terapisituasjon som utspeler seg fysisk. Historier henta frå intervju med pårørande, helsepersonell, samt Øren sine eigne notat frå då han var innlagd, legg grunnlaget for forløpet i framsyninga.

 

Jonas Pedersen Øren kjem opprinneleg frå Høyanger, og har lang fartstid som dansar. Han studerer MA i dans ved Kunsthøgskulen i Oslo. Han arbeider ofte på tvers av sjangrar, og skaper dans både til klassiske musikkfestivalar og musikkvideoar. På scena er han saman med dansar Amy Pender. Elektronikaprodusent André Bratten og duoen Sheriffs of Nothingness (komponist Ole Henrik Moe og fiolinist Kari Rønnekleiv) – alle Spelemannsprisvinnarar – skaper eit duellerande lydbilete som dei også vil framføre live.

 

 

Konsept og koreografi: Jonas Øren. Dansar: Amy Pender. Lyddesign og musikk: André Bratten og Ole Henrik Moe. Fiolinist: Kari Rønnekleiv