OM BARE ROSA KUNNE TRYLLE/ Katja Lindeberg

LAURDAG 15.09. KL. 15.00

SAMVIRKE SCENE

-Ei annleis prinsessehistorie om einsemd, leik og draumar.

 

 

Tenk om du er ei prinsessejente med verdas søtaste kjole, nydeleg langt hår, masse rosa leiker og bøttevis med godteri, og så er du lei deg likevel. Rosa har det sånn.

 

Dette er ei annleis prinsessehistorie om einsemd, leik og prinsessedraumar. Du blir kjend med Rosa, som balanserer på kvite høghæla sko medan ho prøver å danse prinsessedansen sin heilt perfekt. Nokon ville kanskje sagt at Rosa har alt ei jente kan drøyme om.

 

Likevel er ho lei seg. Ho har ingen vener å leike med, eller foreldre som har tid til henne. Mamma og pappa er alltid vekke på møter eller store festar, dei er på trening eller skriv under på viktige papir. Ofte lurer Rosa på om det er noko gale med henne, sidan mamma og pappa aldri er heime. For å gløyme einsemda, skaper Rosa si eiga fantasiverd .

 

 

"Vi mener at denne forestillingen er i en særstilling innenfor viste scenekunstproduksjoner i 2012 i DKS. Konsept, idé, rolletolkning og gjennomføring står helstøpt og er unik i norsk sammenheng med tanke på klovneuttrykket."

Ådne Sekkelsten for Norsk Scenekunstbruk, Januar 2013.

 

**** (-) the sting in this high-spirited tale is how much Rosa hurts... and how her audience totally understands that that's not funny." The Herald, Scotland, 9.mai 2014

 

 

Katja Lindeberg sine framsyningar er ofte svært interaktive, med eit direkte samspel mellom publikum og skodespelar på scena. «Om bare Rosa kunne trylle» har vore ein stor suksess blant publikum og kritikarar, og har sidan premieren i 2011 blitt synt for nærare 30 000 born i heile landet. Den har og blitt spelt på festivalar i fleire land.

 

Ide/Manus: Katja Brita Lindeberg, Regikonsulent; Nora Evensen, Komponist: Juhana Pietari Lehtiniemi, Scenografi: Katja Lindeberg/ Marie Steen Löwendahl, Kostyme: Berit With Haltvik, Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen. Støtta av Norsk Kulturråd og spenn.no.