OM BARE LYSEBLÅ KUNNE BLI SUPERHELT/ Katja Lindeberg

ONSDAG 12.09. KL. 18.00

SAMVIRKE SCENE

- Tenk å vere uovervinneleg !

 

I ”Om bare Lyseblå kunne bli superhelt” møter du Lyseblå. Han er redd, men det er det ingen som veit. I skulegarden står han ofte aleine. Han får ikkje vere med når dei andre gutane speler fotball, fordi han er for dårleg. Han får heller ikkje vere med når dei leikar superheltar, for Lyseblå likar jo bamsar og gret heile tida. Nokre gonger øydelegg han for dei andre borna når dei leikar. Og så bråkar han i timane og plagar dei som er pingler. Det er betre enn å bli mobba sjølv. Og inst inne drøymer Lyseblå om å vere ein superhelt.

 

I framsyninga «Om bare Lyseblå kunne bli superhelt» rettar Katja Brita Lindeberg blikket mot forventningane vi møter små gutar med, i alt fokuset på superheltar og idrettsstjerner. Kva er spelereglane, og kva skjer med dei som ikkje klarer å spele med? Kva er det som gjer at nokon fell utanfor? Kva er det som gjer at klovnen Lyseblå, ikkje lukkast i å vere gut ?

 

 

“(..)ein nydeleg og sjarmerande studie i eit barnesinn, tatt så på kornet at alle i salen, uakta alder, kjenner seg att. Eg skal ikkje røpe kva som skjer, men korleis Lindeberg med ein dramaturgisk genistrek greier å ta dramatikken ned att gjennom mellom anna dyktig interaktivt spel av Tutturen, er ikkje anna enn imponerande.”

Klassekampen november 2015

 

 

Ide/Konspet/Regi: Katja Lindeberg. Skodespelar: Morten Anda Berg. Scenograf: Ørjan Wiklund. Kostymedesignar, Rekvisittar: Thale Kvam Olsen. Lysdesignar: Eirik Brenne Torsethaugen. Komponist: Martin Mulholland. Produsent: Ane Wennervold. Produsert av Katja Brita Lindeberg produksjoner med Teaterhuset Avant Garden som Co-produsent.

 

Framysninga er ein del av "Teaterdag for born", som vi presenterer i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken i fylket.