Fjalerhallen 12. - 14. september

GOODBYE KITTY/ Rebekka/ Huy

- Teaterframsyning, konsert og fest på same tid !

 

Kven vil du vere om du kan velje heilt sjølv? Kan du vri og vende på verda slik du kjenner den, og dytte på rammene som fortel deg korleis du «må» vere? Born og ungdom har fortalt om kven dei vil vere og kven dei vil bli, om forbilde og Hello Kitty, om rosa og blått, om kva som er normalt og unormalt. Det har blitt til framsyninga "Goodbye Kitty".

 

"Goodbye Kitty" er ei fargerik og grensesprengande festframsyning for born. På same tid ein avskjedsfest og velkomstfest. For når ein seier farvel til noko, seier ein samtidig velkommen til noko anna. Velkommen til å sjå verda litt på nytt !

 

 

 

"Jeg liker forestillingen veldig godt. Det er gøy å være på fest der du virkelig føler deg velkommen, og her skjer det noe hele tiden". Sunnmørsposten 

 

 "Når følelsen av å være annerledes får et rom det er godt å være i". Dagbladet

 

«Kor fargerik og spennande verda er når folk får vere som dei er". Klassekampen

 

 

Regi: Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo, Scenograf, kostymedesign og lysdesign:  Chrisander Brun, Komponist/utøvar:  Rakel Nystabakk, Med: Ellen Andreassen, Lars August Jørgensen, Magnus Myhr, Produsent Rebekka/Huy: Annika Ostwald, Co-produksjon: www.rebekkahuy.no Støtta av:  Norsk kulturråd, Spenn.no, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Dramatikkens hus og Fond for frilansere.

 

Framysninga er ein del av "Teaterdag for born", som vi presenterer i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken i fylket.