72% NORMAL/ Kristin Grue

 

LAURDAG 15.09. KL. 18.00

SAMVIRKE SCENE

- Korleis er det å vekse opp med eit søsken med funksjonshemming ?

 

 

Det veit skodespelar Kristin Grue ein heil del om. Ho har laga ei soloframsyning som med mykje humor og varme tek opp tema som normalitet, det å vere annleis og omgjevnadane sine forventningar om at ein skal kjenne seg takknemleg for ikkje å være «den sjuke». Framsyninga er direkte på ein måte som gjer stoffet tilgjengeleg for alle. For kva vil det eigentleg seie å vere «normal»?

 

«72 prosent normal» er basert på Kristin Grue sin eigen oppvekst med eit funksjonshemma søsken, og historier og opplevingar frå andre med fysiske funksjonshemmingar i hennar nære omgangskrins. Grue ønskjer ikkje å moralisere, men å ”avmystifisere” folk i rullestol og snakke om det kanskje ikkje alle tør snakke om: Om kjensla av å vere annleis, om det å vere flau, men samtidig nysgjerrig. Og kva gjer det med eit søskenforhold når den eine må ha så mykje meir hjelp enn den andre?

 

 

Av og med Kristin Grue. Grue er skodespelar som arbeider med både teater, TV og film. Ho er for mange kjend frå programmet «Underholdningsavdelingen» på NRK. I 2013 vart ho nominert som årets nykommer på Komiprisen. Framsyninga er utvikla med støtte frå Dramatikkens hus.

 

Framsyninga under Teaterfestivalen vert presentert i samarbeid med Fjaler kommune og Redd Barna.