FIRE BEGRAVELSER OG ETT BRYLLUP/Morten Joachim Samvirke Scene 16. september

- Sterk, rørande og morosam sjølvbiografi.

 

Morten Joachim vart fødd med heroinabstinensar, og vaks opp med narkomane foreldre og ein narkoman bror. I dag er han ein vellykka regissør, dramatikar og teatersjef. Framsyninga "Fire begravelser og ett bryllup" har altså ikkje noko med Hugh Grant å gjere. Dette er forteljinga om livet til Morten Joachim, framført av Morten Joachim sjølv. Det er forteljinga om menneska Morten Joachim mista – om det mennesket han sjølv vart – og om innsikta han fann på vegen.

 

"Fire begravelser og ett bryllup" har vore ein stor hit på norske scener og har spelt for fulle hus på fleire av dei største teatera i landet sidan premieren på Teater Ibsen i 2016. Og det med god grunn ! Dette er ei sterk, rørande og morosam historie som får vaksne menn og kvinner til å tørke tårer og hyle av latter.  Etter å ha sett framsyninga skreiv lærar Marianne Furumo på bloggen Den Daglige Dont: - Pleier du ikke å gå i teater, sier du? Gjør det!

 

 

"En sterk og modig fortelling om trangen til å bli sett og elsket."

Dagbladet (5)

 

"En hyllest til forsoningen (…) Det er sterke saker, og det kan være lurt å ha papirlommetørklær på lur."

Varden (5)


 

 

"Nådeløst ærlig og usentimentalt (…) Leverer galgenhumor på skyhøyt nivå så publikum hyler av latter."

TA

 

 

(5)

"Ei uvanleg sterk forteljing (…) Mantraet er at same kor mykje hjelp du får, (…) må du fikse livet ditt sjølv."

Klassekampen

 

 

Av og med: Morten Joachim.Regissør: Aslak Moe. Scenograf: Hans Georg Andersen. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen. Varighet: 1 time og 35 minutt. Ingen pause. Produsert av Teater Ibsen og Morten Joachim. Turne i samarbeid med Riksteatret.