FREDAG 14. 09. KL. 15.00

LAURDAG 15.09. KL. 17.00

360° DALE/ Cathrine Myhre Solbjør

COOP-KJELLAREN

- Kva betyr Utanforskap for ungdom frå fylket ?

 

Ei gruppe ungdommar møtest i 5 dagar for å finne ut kva utanforskap betyr for dei, i Sogn og Fjordane, i dag... 

 

Elevar frå Firda Vidaregåande Skule skal i samarbeid med dramatikar Cathrine Myhre Solbjør skrive og iscenesetje eigne tekstar, som vil ende i to visingar under teaterfestivalen i Fjaler.

 

360° Dale  er ein del av eit større scenetekst- prosjekt i regi av Cathrine Myhre Solbjør. I løpet av året vil ungdom frå fleire plassar i Norge delta i skriveprosjektet, og ha visingar på heimstaden. Til slutt vil alle prosjekta ha ei samla vising i Oslo, samt at tekstane vil bli gjevne ut samla i ei bok.

 

Prosjektet er ein del av Cathrine Myhre Solbjør sitt masterprosjekt i Teater ved KHIO (Kunsthøyskolen i Oslo).