LAURDAG 15. 09. KL. 15.00

SØNDAG 16. 09.KL. 12.00

11 ÅR/ Goksøyr & Martens

TRUDVANG

- Om kjærleik, einsemd og forskyving av ansvar .

 

Ein ung lærar opplever at ein elevane hennar, ei elleve år gamal jente, tar sitt eige liv. No skal ho møte jenta sine foreldre og rektoren ved skulen. I veska har ho noko ho har gløymt å fortelje om.

 

Kva fangar blikket ditt? Når skal du gripe inn? Korleis tek vi vare på borna våre? I førearbeidet til 11 ÅR har Goksøyr & Martens intervjua foreldre, barn, forskarar, juristar og tilsette i skuleverket.

 

Denne versjonen av 11 ÅR er ein iscensett leseversjon av framsyninga som går på Det Norske Teatret. I førearbeidet til 11 ÅR har Goksøyr & Martens intervjua foreldre, barn, forskarar, juristar og tilsette i skuleverket. Med både profesjonelle skodespelarar og 16 barn på scena, er det duka for ei spesiell oppleving frå eit av våre mest markan- te teaterkompani.

 

Goksøyr & Martens har samarbeidd sidan 1997, og nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet sitt. Dei har mellom anna vist framsyningane sine på Samtidsmuseet, Nationaltheatret, Johannesburg Art Gallery, Teaterfestivalen i Avignon, Schaubühne i Berlin og Venezia-biennalen.

 

«Rystende godt om barns selvmord»

VG

 

 

«Opprivende og relevant teater om norsk skolehverdag»

Aftenposten

 

 

«Kanskje årets viktigaste førestilling»

Klassekampen

 

 

Regi/Scenetekst: Toril Goksøyr og Camilla Martens, Skodespelarar: Agnes Kittelsen, Kjersti Dalseide, Julie Moe Sandø, Jon Bleiklie, Oddgeir Thune, Benjamin Haug Haugen, samt born og statistar. Scenograf og kostymedesign: Olav Myrtvedt, Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud, Lyddesign: Runar Magnussen, Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen.

 

Goksøyr & Martens er støtta av Norsk kulturråd, Fritt Ord og Bergesenstiftelsen. Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus. Goksøyr & Martens har basisfinansiering frå Norsk Kulturråd. 11 År er eit samarbeid med Det Norske Teatret.