SKULEFRAMSYNINGAR 13. - 15. SEPTEMBER Trudvang

ØNSKEDRØM / Det Andre Teatret

- Kva drømmar du om?

 

Den vanlege verda er ikkje nødvendigvis kjedeleg, den er berre veldig, veldig vanleg!

Når vi derimot drøymer – vakne eller sovande – kan det vere rart, spennande, fantastisk og skummelt, men absolutt ikkje vanleg!

 

Ønskedrøm er ein del av programmet vi tilbyr skulane (1.-7.klasse) på våre Teaterdagar, arrangerte i samarbeid med Den kulturelle skulesekken i fylket. Tema for Teaterdagane er improvisasjon og publikumsdeltaking. Ønskedrøm er ei improvisasjonsbasert framsyning der ungane deltek med sine eigne draumar, som så vert utgangspunkt for manus. Det er også publikum som styrer lys og lyd i dette stykket, og resultatet vert heilt unikt for kvar gong. Målet er at alle draumane skal bli fantastiske - for gjennom å gi liv til borna sine ønskjedraumar, vil utøvarane inspirere publikum til å sjå dei moglegheitene og den gleda som draumar kan gi.

 

 

Regi: Nils Petter Mørland, Medverkande: Mikkel Bjørnebo Jensen, Stian Gulli og Ingvild Haugstad. Lys: Silje Underhaug Fosseli, Scenografi: Mirjam Veske, Kostyme: Cathrine Schermann. Produsert av Det Andre Teatret.

Copyright @ All rights reserved