ÅPNINGER / Marie Bergby Handeland og Morten Liene Heile festivalen Over alt

- Bestill din eigen danseframysning frå Åpninger sin festivalmeny !

 

Har du lyst å få ei danseførestilling heim til deg i stova ? Eller kva med å gi arbeidsdagen eit avbrekk med ein eksklusiv sangkonsert på kontoret ? No har du sjansen til å prøve deg som kurator - og setje saman ei kunstoppleving og eit publikum etter eige ynskje - og det er til og med heilt gratis !

 

Åpninger er eit konsept der kunstnarane Marie Bergby Handeland og Morten Liene tilbyr opplevelsesbaserte tjenester til festivalpublikum. Dei har eit variert tilbod av ulike tjenester som publikum kan bestille frå ein meny når de sjølv måtte ønske det. Dei er inspirert av serviceinnstilte yrker, men tjenestene som leverast er alltid innøvd med ein estetisk og emosjonell preferanse. Du kan mellom anna bestille åpninger, sang, høytlesning, pauseunderholdning, snikdansing eller ekstranummer. Åpninger har og ei eiga dyremeny som passar ekstra godt for born. Her kan du mellom anna bestille Elgsafari, Disco med duer eller fjøskonsert for kuer.

 

 

I tillegg til dei personlege tenestane vil Åpninger og delta i festivalprogrammet :

 

Fredag 15/9 kl. 15.00 vert det Helhetsterapi/workshop i kantina på ungdomsskulen.

 

Laurdag 16/9 kl. 02.00 (natt) spelar dei konserten «Orgelet er en forlengelse av våre og Teigens lunger» i musikkbadet. Servering av kake og kaffi.

 

Søndag 17/9 kl. 13.00 spelar dei konserten «Alle Angrer» i hagen til Roald Hovland.

 

Heile menyen av tjenster finn du her: http://www.åpninger.com/tjenestene.html

Du kan sende din bestilling på sms til mobilnummer 91713764 gjennom heile festivalen !

Copyright @ All rights reserved